SMINKEFJERNER/ØYEBALSAM - Symre

399,00 kr

Naturleg sminkefjerner & augebalsam i eitt! Fjerner sminke raskt og effektivt – både vanleg maskara og vannfast maskara. Den skal ikkje vaskast av, og etterlet huda fin og smidig. Den er ein super augebalsam – gir ekstra god fukt, næring og pleie. Kan gjerne brukast som nattkrem.

KORLEIS BRUKE KREMEN:

Smør tynt på i ansiktet og tørk forsiktig av med ein mjuk klut / sminkepad. For å fjerne maskara så smører du litt på auge/augevipper og gnikker lett. Tørk av med mjuk klut / sminkepad. Skal ikkje vaskast av! Når all sminke er fjerna så smører du på litt ekstra rundt augo, men gjerne også i resten av ansiktet om du ønsker det. Kremen fungerer veldig godt som nattkrem, og er ein god balsam til hovne, raude, tørre auger.

Kremen inneheld ei rekke næringsrike ingredienser. Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vær, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.

Uttrekk av nesle i tistelolje er også ei næringsbombe for huda. Tistelolje er velegna til alle hudtypar, og er den vegetabilske olje som inneheld størst mengd av omega 6-feittsyra linolsyre. Nesle er god til både hud, negler og hår ettersom den inneheld mykje silisium – eit viktig mineral for huda. Nesle kan ha god effekt på eksem og irritert hud.

Squalane er utvunne av olivenolje og gjer huda silkemjuk! Squalane er fuktigheitsbevarande, beskyttande og regenererande. God til følsom hud.

Nyperoseolje er særs næringsrik og har mellom anna eit høgt innhald av antioksidanter. Den virker regenererande, uppstramande, helende og cellefornyande.

Og berre så det er sagt: sjølv om fleire av ingrediensane i denne kremen er helanda og med såkalla oppstrammande effekt, så er dette ingen «anti-aging» balsam som skal hjelpe mot rynker. Me heier faktisk på rynker og alderdom, og meiner at kroppen er fantastisk slik den er!

Innhald: Talg, uttrekk av nesle, squalane, nyperoseolje, eterisk olje av lang-ylang

50 ml. 

Customer Reviews

Be the first to write a review
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)
0%
(0)